Foredrag: Astrup som fotograf

Visste du at Nikolai Astrup var ein aktiv og utforskande amatørfotograf? Søndag 23. januar fortel Tove Haugsbø, førstekonservator og leder for Astrup forskningssenteret, meir om kunstnarens fotografier. 

«Det er intet jeg er mere ‘sær paa’ end fotografier, 
et daarligt fotografi ödelegger ‘ens indre billede’.» 

Nikolai Astrup, 1922

Foredrag: Astrup som fotograf
Tid:
søndag 23.01 kl.15.00
Sted: Festsalen på KODE1.
Pris: Inkludert i ordinær inngangsbillett.

Nikolai Astrup var ein aktiv og utforskande amatørfotograf – som til og med freista å bygge sitt eige fotoapparat. Dette er ei lite kjent side ved kunstnarskapet.

Foredraget ser nærare på fotografia etter kunstnaren, og forholdet mellom kunsten og det fotografiske uttrykket. Astrup nytta mellom anna fotoapparatet som ein studieteknikk, der han iscenesette fotografiske førelegg til maleriet, men han nytta det også for å fange augneblinken. Trass i at ein stor del av det fotografiske materialet har gått tapt, så fortel dei etterlatne fotografia om ein moderne og oppvakt kunstnar med stor forståing av mediet. 

Velkommen til foredrag med Tove Haugsbø, førstekonservator ved KODE og spesialist på Astrups kunstnerskap.

Foredraget er knyttet til utstillingen Nikolai Astrup: Rå natur, som er åpen fra kl. 11-17, og har siste visningsdag denne søndagen.

  • Søndag 23. januar 2022
  • Kode 1